Yogareise til Italia sitt grøne hjarte Umbria!

Yoga Sunnfjord og Eli-Gro Bergby Carlsen inviterer til yogareise til ilConvento, klosteret i hjarte av Italia, ved middelalderbyen Trevi i Umbria.
Yogareise til Italia sitt grøne hjarte Umbria
Ei reise for auka vitalitet og velvære
18.-25.aug. 2022
Yoga Sunnfjord og Eli-Gro Bergby Carlsen inviterer til yogareise til ilConvento, klosteret i hjarte av Italia, ved middelalderbyen Trevi i Umbria.
Nyt siste rest av sommaren i Italia med yoga to gonger dagleg
– kombinere yoga med å slappe av, symje, gå turar i olivenlundar og gjennom vinmarker, utforsk middelalderbyar, og nyt god, heimelaga italiensk mat og vin. Alt inkludert i prisen.
Vi skal bu og ha alle yoga øktene på ilConvento. I det gamle klosteret
Abbazia di San Pietro, har ilConvento sitt studie- og feriested.
Omkransa av olivenlundar, store lauvtre og vinranker. Eit vakkert kloster med ein heilt eigen atmosfære. Klosteret i seg sjølv er verdt reisa.
Instruktør
Eli-Gro er ansvarleg for yogastudio Yoga Sunnfjord og har lang erfaring som yoga instruktør.
Eli-Gro vart introdusert for yoga gjennom Spenst i 2007 og har tatt ulike yogakurs i SATS – skulen. Ho har utdanning frå Global Yoga 200h Hatha/ Vinyasa,
Yin Yoga og Yoga for barn frå 2012 – 2014, og har utdanning i Pilates, nivå 1 og 2
Eli-Gro har fleire gangar vore med og leia yoga retreats i Kalvåg.
Eli-Gro elskar å undervise yoga og hennas filosofi er at yoga handlar om livet og det ekte menneske, ikkje om galleriet. Alle kan gjere yoga, og du gjer det på din måte. Yogaen blir til undervegs og ho er audmyk for yogareisa. Det handlar om å vere tolmodig, nysgjerrig, leiken og ikkje ta alt så alvorleg.
Eli-Gro har ulikt mentalt fokus på sine klasser – gjerne med små tekster og utdrag, som til dømes Brenè Brown UPERFEKT – «våg å vise kven du er», er nydeleg litteratur til inspirasjon.
Yin og Yang - 2 felles treningar kvar dag
Eli-Gro tilpassar kvar økt så kroppen får den restitusjonen som den trenger gjennom veka. Målet er at vi skal komme heim med masse god energi, både fysisk og psykisk. Vi skal jobbe med mobilitet, styrke, balanse og ha fokus på å finne den djupe, rolege pusten.
Vi skal øve på å vere meir tilstades, her og no, og redusere stressnivået.
Dette er reisa der du investerer i deg sjølv, både mentalt og fysisk.
Hagen og yoga rommet står til vår disposisjon heile dagen - for dei som ønsker eigentrening og fordjuping. Eli-Gro er tilgjengeleg for råd og rettleiing.
Kven passer dette for?
Yogareise passer for alle som er glad i yoga eller ønsker å bli betre kjent med denne treningsforma. Det er ingen krav til kjennskap til yoga i forkant av reisa. Du kan komme som heilt ny til matta, eller du kan ha etablert praksis. Eli-Gro vil tilpasse øktene etter ulike nivå, slik at alle får det dei trenger.
Ønsker du meir informasjon?
Ta kontakt på mail: anne.oline.gullaksen@gmail.com, eller ring mobil 91896575. Du kan også lese meir om reisa på facebook-sida til Yoga Sunnfjord.
Antall plasser
NB! Det er berre 19 plasser på denne reisa: 7 doble- og 5 enkle-rom.
Påmeldingsfrist
Innen 2. april 2022.
Forslag til flytider med Norwegian (NB! ikkje inkl. i prisen)
18.aug avr. Bergen kl. 10.00 – ank. Roma kl. 13.10.
25.aug avr. Roma kl. 13.50 – ank. Bergen kl. 17.10.
Irekna i turprisen
- Mulig transfer tur/retur flyplassen
- 7 netter i delt dobbeltrom på II Convento
- 7 frukost, 6 lunsj, 7 middag og II Convento
- Vin servert til lunsj og middag
- Yoga med Eli-gro Bergby Carlsen
- Fotturar i nærområdet
- Utflukt til middelalderbyen Assisi
- Turleier med på heile reisa
Turpris
Denne turen koster inkl. irekna punkter ovenfor kr. 13 950,-
Tillegg enkeltrom kr. 1 900,-.
Antall dagar: 8
Avreisedato: 18. august 2022
Returdato: 25. august 2022.
Tilleggsinformasjon ved påmelding i forhold til navn på personer som evt. ønsker å dele dobbeltrom
For at vi skal kunne sikre riktig innkvartering på reisen må vi be deg om å registrere viktig informasjon knyttet til din reise i forhold til enkelt eller dobbeltrom og navn på reisende som ønsker å dele rom. Registrer denne informasjonen her og vi bekrefter registreringen og evt. tar kontakt med deg direkte for spørsmål.
NB! Viktig å informere oss om ditt valg av enkelt eller dobbeltrom og hvem du ønsker å dele rom med her:
Registrering for enkelt eller dobbeltrom
Les viktige reisevilkår
Bilder fra IlConvento
Det gamle klosteret Abbazia de San Pietro er omkransa av olivenlundar, store lauvtrær og vinranker. Eit vakkert kloster med en helt eigen atmoafære.
Påmelding
Du har valgt følgende kurs:
- Yogareise til Italia sitt grøne hjarte Umbria!
- Pris medlem: 4000,-
- Pris ikke medlem: 4000,-
For å få medlemsprisen må du logge deg inn før innmelding.
Logg inn