Sommarkveldsyoga og meditasjonskonsert med Siri Birk

Vi ønskjer dykk velkomne til ein spesiell kveld hos Sunnfjord Yoga! 
Yogalærer og musikar Siri Birk, kjem til oss for å dele ein kveld med fleire av hennar lidenskapar - yoga, musikk og eit rom for å møtast i fellesskap og nærvær. 
_______________

Historieforteljar, songskrivar og folkesongar, Siri Birk frå Sandane, skriv vakre, melodiøse kjærleikssongar til dei små og store augeblikka i livet. 
Dei gjenkjennelige og nære songane er ikledd eit vakkert, poetisk og opent musikalsk univers som etterlater lyttaren med ei kjensle av tilhøyrsle, ro og samhold.  

Som yogalærer ønskjer Siri å la kvar enkelt person kome nærare seg sjølv gjennom leik, utforsking og nysgjerrighet. 
I denne klassen vil du bli guida gjennom ein roleg, dynamisk flow med god tid til å lande i rommet saman med dei andre. 
Yogaklassen vil forberede deg på kvile og sluttar i Shavasana, fra kor vi gradvis beveger oss inn i ein meditasjonskonsert.
Musikken vil fungere som eit støttende landskap, med det er plass til å gå inn i ein meditativ tilstand, kvile, avslapning og ro. 

Lytt til Siri Birk her
https://www.youtube.com/watch?v=X4HmC4ALWoE
eller her:
https://open.spotify.com/artist/5yTNmJxouhOFfJPPvWijIy?si=A31lTvJMQSCugzf1aw1YNw


_______________

Tidsplan
18:30 Dørene opnar 
19:00- 20:00 Roleg dynamisk klasse med fokus på ro, pust og eigenomsorg.
20:00-21:00 Meditasjonskonsert med Siri Birk

Yogaklassen + konserten vil gå meir eller mindre i eitt, då vi ønskjer å skape gjennomgåande flyt gjennom heile kvelden. 
Kom gjerne tidleg og ta med ekstra puter, tepper og varme, behagelege klede for å gi deg sjølv ein koselig og god opplevelse. 

Det blir servert te, men ta med din eigen kopp? 

Kom som du er! Her er plass til alle, og ingen tidlegare erfaring påkrevd.