Ynskjer du å lære deg ashtanga yoga for det nye året?


⭐️Nybegynnerkurs i ashtanga


Om kurset:


Ashtanga er ei dynamisk yogaform der ein gjer posisjonane i ei gitt rekkefølge der pust og rørsle er synkronisert i ein flyt, kalla vinyasa. Rekkefølga av stillingane er nøye samansett, og kvar posisjon førebur for neste. Dette er det perfekte kurset for deltakara uten tidlegare ashtanga erfaring så vel som for dei som kan litt ifra før. 


⭐️ Du vil lære det grunnleggande om asthanga yogapraksis på ein langsom, trygg og omfattande måte.

⭐️ I løpet av dei 8 vekene kurset går vil deltagerane lære solhelsing, dei grunnleggande stillingane, pusteteknikk, og Mysore-tilnærma praksis.

⭐️ Ved slutten av heile kurset vil du ha ei solid forståing av Ashtanga yogastilen, og vil ha ein kort sekvens lagra, slik at du lettare kan delta på ein gruppetime.

Det verte to instruktørar på kurset for at kvar deltakar skal få personleg veiledning. 

Om instruktørene:


Leanne 

Leanne er ein varm og omsorgsfull yogalærer, med eit brennande engasjement for alle aspekt av yoga – både asanapraksis og levemåte. Ho har ein stødig og inspirerande eigenpraksis, og valde å ta yogautdanning med eit sterkt ynskje om å dele yoga sine fordelar ved å roe ned sinnet gjennom pust og rørsle. Leanne leder med hjartet i alt og gjer, og det synast.


Elin 

Elin er ein autentisk yogalærer med eit stort hjarte. Ho har praktisert yoga i 15 år, og med åra har ho utvikla ein lidenskap for yoga, som ho ynskjer å dele vidare. Ho har vore innom dei flest formar for yoga, men eit kurs i ashtanga vekka interessa endå meir for kva yoga eigentleg handlar om. I timane hennar er ho opptatt av å legge til rette for å gi deg ei god oppleving for kropp og sinn, og det merkast på timane.


Begge valde å ta 200 timer utdanning hos Alexander Medin på Nøsen Yoga og Fjellhotell. Medin blei sertifisert av Sri K. Pattabhi Jois frå Mysore i India, ei utmerking kun 35 personar i verden har oppnådd. Utdanninga gav mykje meir enn ei sertifisering. Det vart ei personleg reise som var både skummel og frigjerande å gje seg ut på. Begge har undervisning som er forankra i den klassiske ashtanga yinyasa stilen. Deltagerne kan forvente personleg merksemd, og praktisk og fysisk justering om ein ynskjer det.


Velkomen ❤️