Å møtast i stilla: Yoga+ konsert

1 time roleg dynamisk yoga flow - ein enkel, roleg flow, tilpassa alle kroppar med intensjon om å lande i kroppen, på matta og rommet før konsert. 
kort overgang (vi held rommet stille, men der er moglegheit til å gå på do, få ein kopp te osv) 
1 time meditasjonskonsert - publikum er fri til å bli liggande i shavasana, sitje oppreist, halde auga lukka eller bevege seg. Rommet er stille under konserten.

Vi beveger oss, for å lande i oss sjølve, på matta og i rommet. 
Vi beveger oss mot stilla
som lev inni og imellom oss.
kanskje møtast vi der, saman?
Frå der kan vi lytte, opne opp 
og ta imot

Siri Birk skriv kjærleikssongar til dei små og store augneblinkane i livet.
Hennar musikalske univers er vakkert, poetisk og ope, songane er nære, ærlege og lette å kjenne seg att i. 
Siri er frå Sandane, men har dei siste åra turnert Europa rundt og spelt intimkonsertar i stover, loft, hagar, soverom og terrassar.
No er ho tilbake i Sogn og Fjordane for å dele historier og songar med oss.
Velkomen til ein koseleg, vakker og hjartevarmande konsert!
Du velger sjølv om du vil delta på yogatime før konsert, eller om du berre vil kome til ein avslappande konsertoppleving i våre fine lokaler. 

Yogatimen er inkludert i medlemskapet på Sunnfjord Yoga, konsert kr 250