I denne timen tek vi i bruk både element frå Hatha og frå Vinyasa, to relativt ulike formar for yoga.

Vi startar alltid med nokre minutt til å lande på matta før vi byrjar å bevege kroppen. I første del av timen er det Vinyasa som er mest framtredande, med flyt i bevegelsane for å varme opp kroppen, mellom anna gjennom solhelsingar. Etterkvart går vi meir over i Hatha, der vi roleg beveger oss mellom stillingane og blir i kva stilling nokre pust, for å ta oss tid til å sjå på korleis du kan justere og modifisere dei enkelte stillingane til din kropp og dagsform. Stikkord her er styrke og balanse. Vi roar ned med lett aktiv strekking før timen vert avslutta med avspenning i Savasana.