Asthanga I passar for deg som er heilt ny eller har gjort litt ashatanga tidligare. Vi tar utgangspunkt i ein fast serie som blir gjort i eit roleg tempo med tid til alternative stillingar, slik at alle kan delta på timen. Serien startar med solhelsing, fortset med ståande, deretter sittande, og til sist avsluttande stillingar. Timen avsluttast med leda avspenning. Undervisning hennar er forankra i den klassiske ashtanga vinyasa stilen, men med tilrettelegging tilpassa kvar einskild deltakar. Deltakarane kan forvente personleg merksemd med praktisk og fysisk justering om ein ynskjer det. I timane hennar er ho opptatt av å legge til rette for å gi deg ei god oppleving for kropp og sinn.